Den påtroppande regjeringa av Høgre og Framstegspartiet seier i si regjeringsplattform at det kan bli endringar i den norske pengespelpolitikken.

Den nye regjeringa vil greie ut ei lisensordning for utanlandske speleselskap her i landet. I dag har Norsk Tipping monopol på alle former for lovlege sportsspel, og Norsk Rikstoto har monopol på hestespel.

Lotteritilsynet estimerer at nordmenn satsar ca. fem milliardar kroner i året på utanlandske nettspel.

Seier ja til poker

I tillegg vil H-FrP-regjeringa tillate det dei kallar for meisterskapspoker. Fram til i dag har poker ifølgje lotterilova ikkje vore eit lovleg pengespel i Norge.

I tillegg ønskjer regjeringa Solberg å sjå nærare på ordninga med momskompensasjon som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar. Målet er å forbetre ordninga, mellom anna med tanke på å få til forenklingar. I 2013 fordeler Lotteri- og stiftelsestilsynet til saman ca. ein milliard kroner i kompensasjon for meirverdiutgifter til frivillige lag og foreiningar og til bygging av idrettsanlegg.