Det er krav om at lag og foreiningar som vil halde enkelte lotteri i Norge skal vere godkjende som lotteriverdig organisasjon. Godkjende organisasjonar har plikt til å sende inn sentrale rekneskapsopplysningar på fastlagd skjema kvart år. Fristen for innsending er 1. juni, og kan skje via ALTINN.

Mange blir purra

Svært mange rapporterer ikkje rekneskapsopplysningane innan fastsett frist, og Lotteritilsynet må difor purre hundrevis av frivillige organisasjonar kvart år.
Årets purrerunde er avslutta, og av totalt om lag 5170 godkjende organisasjonar er det 170 lag og foreiningar som misser lotterigodkjenninga fordi dei ikkje har sendt inn slike opplysningar for 2012.

Må søkje på nytt

Organisasjonane som no misser lotterigodkjenninga har fått tilbakekalla eventuelle aktive lotteri- og bingoløyve.  Tilbakekallinga gjeld for seks månader, og organisasjonen må søkje om ny godkjenning. Bingoløyve med bruk av entreprenør blir i hovudsak tildelt frå 1. januar kvart år. Som følgje av dette kan organisasjonar som ikkje oppfyller rapporteringsplikta misse inntekter frå bingo for heile 2014.

Organisasjonar som søkjer om tilskot frå speleoverskotet til Norsk Tipping må også vere godkjende som lotteriverdig organisasjon. Dette er fastsett i § 4 i forskrift om tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar frå speleoverskotet til Norsk Tipping. Organisasjonar som er godkjende på nytt, må ha fått ny godkjenning før 1. januar det året det blir søkt om tilskot for.

Mange brukar ALTINN

Ei positiv side ved årets rekneskapsrapportering er at over 70 % leverer opplysningane elektronisk via ALTINN. Dette er ein auke frå i fjor.
Les meir om kva krav som gjeld for organisasjonar som vil ha lotteri og bingo.