Grasrotordninga – 13 får varsel om utestenging
Den første kontrollen av grasrotpengar er gjennomført. Resultatet viser at 5 av 19 kontrollerte grasrotmottakarar blir godkjende, mens 13 får varsel om utestenging i denne omgang.
Ny forskrift sist sommar
Ny forskrift om grasrotandelen trådde i kraft 1. juli i år, og Lotteri- og stiftelsetilsynet sette i gang den første kontrollen av grasrotmottakarane rett etterpå. Den nye forskrifta gir Lotteri- og stiftelsestilsynet fleire nye verkemiddel for å oppdage og luke ut lag og organisasjonar som ikkje har rett på grasrotpengar. For eksempel skal ikkje lukka og kuriøse venneklubbar kunne skaffe seg pengar på denne måten. I alt 19 grasrotmottakarar vart kontakta i denne runden, og desse får no brev frå tilsynet med informasjon om utfallet av kontrollen.
Tips
Nokre av grasrotmottakarane som vart undersøkte i denne runden vart plukka ut med bakgrunn i medieoppslag og tips.
– Vi ønskte å teste om aktiviteten er i samsvar med forskrifta. I tillegg til tips gjorde vi også eit utplukk av lag og organisasjonar innanfor kategoriar vi var i tvil om. Det seier seniorrådgjevar Bjarne Hellem i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
Fem er godkjende
Resultatet av undersøkinga er no klar. Det viser at fem blir godkjende, 13 får varsel om utestenging frå ordninga, og ein har meldt seg ut før ny forskrift vart gjeldande. Av dei som får varsel om utestenging er det fire som får det på grunn av manglande innsending av dokumentasjon. Desse kan likevel unngå utestenging ved å sende inn tilfredstillande dokumentasjon innan to veker.
Her er oversikten:
REDDISBJØRNEN.NO | Har meldt seg ut av grasrotordninga |
HOTELLETS VENNER | Tilbakemelding uten merknader |
JÆREN OG SANDNES KANINALSLAG | Tilbakemelding uten merknader |
EGERSUND SKOG OG TREPLANTNINGSSELSKAP | Tilbakemelding uten merknader |
FONDET FOR NESTEKJÆRLIGHET | Tilbakemelding uten merknader |
SOLØR RIDEKLUBB | Tilbakemelding uten merknader |
STRAUMFJORDNES SKOLE | Varsel om utestenging |
PERSONALFORENINGEN COOP NORGE FAGHANDEL | Varsel om utestenging |
TØYENÅSEN BARNEHAGE FORELDREGRUPPE | Varsel om utestenging |
STORMEN SUPPORTERKLUBB | Varsel om utestenging |
KJERRINGSBEISTENES VINKLUBB | Varsel om utestenging |
FRODE HOLTE MOTORSPORT SUPPORTERFORENING | Varsel om utestenging |
MIDTBAKKEN SVIREBRORSLAG | Varsel om utestenging |
ROLDA GATEHUNDER FRA ROMANIA | Varsel om utestenging |
ATELIER LYST | Varsel om utestenging |
POLTERGEIST MC | Varsel om utestenging |
PILEN | Varsel om utestenging |
DET GODE SELSKAB AV TREDJE JULEDAG | Varsel om utestenging |
NIDAROS MULTISPORTFORENING | Varsel om utestenging |
– Resultatet av denne første kontrollrunden er ikkje overraskande med tanke på korleis desse organisasjonane var utplukka. Dei fleste tips er som regel reelle, og sidan resten var plukka ut i kategoriar vi var i tvil om, er det ikkje så rart at så mange av dei kontrollerte no blir utestengt frå ordninga, seier Hellem.
Frivillig aktivitet
Grasrotmidlane skal gå til lokal og regional frivillig aktivitet. Forskrifta seier kva kriterie ein organisasjon må oppfylle for å kunne få desse pengane. Det er denne forskrifta tilsynet rettar seg etter. Arbeidet med tilsyn av Grasrotandelen skjer generelt ut frå ei vurdering av risiko- og vesentlegheit basert på tips og planlagde tilsyn.
Vi vil ha tips!
– Vi har lagt til rette for anonyme tips på våre nettsider, vi følgjer med i media og vi ser på kategoriar av lag og organisasjonar der vi er usikre og som difor blir plukka ut for vurdering og avklaring, seier Hellem.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har generelt god kontroll på frivillig sektor. I dag er det nær 25.000 lag og organisasjonar som er innanfor grasrotordninga.
– 15.000 av desse er også innanfor momskompensasjonsordninga, som vi har gode kontrollrutinar på. I tillegg er mange registrert som lotteriverdige organisasjonar, noko vi også har god kontroll på. Det betyr at vi er komfortable med nivået på tilsyn. Vi vil likevel svært gjerne ha tips som kan bidra til at desse pengane går til det som var meininga, understrekar Bjarne Hellem.
Meir kontroll neste år
Lotteri- og stiftelsestilsynet vil gjennomføre nye kontrollar med grasrotandelen i 2014.
– Då vil vi plukke ut grasrotmottakarar på eit breiare grunnlag enn det vi gjorde denne gongen, avsluttar Bjarne Hellem.
Grasrotandelen veks
Norsk Tippings kundar fordelte nærare 230 millionar kroner til lag og foreiningar i perioden 1. januar til 31. august gjennom Grasrotandelen. Det er ny rekord. Totalt blei det utbetalt 340 millionar kroner i 2012. Grasrotandelen blir betalt ut tre gonger i året.
Les meir om Grasrotandelen på Norsk Tipping sine nettsider.