Samla utbetaling i første halvår 2013 frå bingo (hovudspel og dataspel) og Belago-automatar auka litt samanlikna med første halvår i fjor. Det viser bingostatistikken for 1. halvår 2013. Prognosen for heile 2013 tyder på at samla utbetaling blir om lag på same nivå som i 2012.

Nytt regelverk frå 2012

Tendensen er at inntekter frå bingospel går ned, men blir kompensert med auka inntekter frå Belago. Prognosen viser at inntektene frå denne delen av lotterimarknaden no har stabilisert seg etter ein større reduksjon frå 2011 til 2012. Dette er ei ønska utvikling. Regelverket for databingo vart endra frå 1.1.2012. Då vart det innført ein pause på 30 sekund frå eit spel er ferdig til neste trekning kan starte.

Vi gjer merksam på at det kan vere feilkjelder i statistikken, og at nokre få lag/ foreiningar fortsatt kan ha inntekter frå fleire bingoløyve.