YouTube har blokkert reklame frå utanlandske spelselskap retta mot den norske marknaden etter ei klage frå Lotteritilsynet.

Vi sendte inn 122 eksempel på reklamesnuttar frå utenlandske spelselskap, som vi meiner bryt norsk lov. Då reklamen er på norsk, er den retta utelukkande mot den norske marknaden. Den vurderinga var YouTube samd i.

– Vi veit frå før at YouTube stiller krav om at innhald som blir lagt ut på deira nettstad rettar seg etter nasjonale lover. Vi er difor tilfreds med at YouTube har tatt vår klage til etterretning og blokkert videoar som er i strid med lotterilova og pengespellova, seier rådgjevar Steinar Mjøs, som har arbeidd med saka i Lotteritilsynet.

Utanlandske spelselskap har i lengre tid nytta sosiale medium som reklamekanaler for å nå fram til potensielle kunder i Norge. I fjor starta Mjøs arbeidet med å kartlegge desse. Etter å ha kome i dialog med YouTube tok det ikkje lang tid før dei imøtekom tilsynets syn på at innhaldet i reklamefilmane er i strid med norsk lov.