Lotteritilsynet vurderer Lyoness
Lotteritilsynet har opna tilsynssak mot Lyoness Norway AS for å vurdere om selskapet er eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem etter lotterilova § 16.
Bakgrunnen er at Lotteritilsynet den siste tida har fått fleire tips og spørsmål frå personar som lurer på om Lyoness er ein pyramide eller om selskapet driv lovleg nettverkssal.
Lyoness Norway AS har etter krav frå Lotteritilsynet lagt fram dokumentasjon om verksemda, og Lotteritilsynet arbeider no med å vurdere opplysningane i saka opp mot pyramideregelen i lotterilova.
Lotteritilsynet vil utarbeide ein tilsynsrapport om verksemda til Lyoness Norway AS. Rapporten vil vere ferdig til 1. mai.