Slik er vedtektene i Thon-stiftelsen
Den nye Olav Thon Stiftelsen har ein grunnkapital på 15 milliardar kroner, går det fram av vedtektene.
Stiftelsen eig alle aksjane i Olav Thon Gruppen AS som har ein eigenkapital verdsatt til 25 milliardar kroner. Under stiftelsesmøtet i Oslo 10. desember, la Olav Thon fram eit stiftelsesdokument der han utdjuper kvifor han har valgt å føre formuen sin vidare i ein stiftelse.
Stiftelsesdokumentet er ein del av søknaden om å opprette stiftelsen.
Av stiftelsesdokumentet går det fram at Olav Thon med den nye stiftelsen blant anna har eit ønskje om å vere verdiskapande i eit langsiktig perspektiv.