Støttegrupper kan søkje om tilskot
Frivillige støttegrupper for speleavhengige, og andre organisasjonar som særleg rettar verksemda si mot problematisk speleåtferd, kan søkje om støtte. Søknadsfristen er 31. januar 2014.
Regjeringas handlingsplan
Eitt av måla i Regjeringens handlingsplan mot spillproblemer er tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd. Frivillige støttegrupper er eit viktig lågterskel hjelpetilbod til menneske som opplever speleproblem. Støttegrupper bidreg saman med hjelpeapparatet og offentlige myndigheiter med å førebyggje problem og redusere skadeverknader.
I tillegg har også andre organisasjonar særlege aktivitetar innafor sine område med målsettjing om å hjelpe, førebygge eller informere om speleproblem. Det er viktig at frivillige organisasjonar med god kjennskap til feltet, kan sette i gang aktivitetar basert på eigne erfaringar. Ordninga med drift- og prosjekttilskot til frivillige støttegrupper blir difor videreført og styrka.
Kan søkje no
Følgjande grupper kan søkje om drifts- og/eller prosjekttilskot:
- Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot speleavhengige eller andre med problematisk speleåtferd
- Frivillige støttegrupper som har eit tilbod retta mot pårørande til speleavhengige.
- Andre organisasjonar som arbeider med problemstillingar knytt til speleavhengigheitsproblematikk. / problematisk speleåtferd.
Også dataspel
Støtteordninga gjeld for både pengespel og dataspel. Vi skiljer mellom drifts- og prosjektstøtte. Frivillige organiserte støttegrupper og andre organisasjonar som berre arbeider med problematisk speleåtferd er eit godt supplement til helseapparatet. Desse skal få økonomisk driftsstøtte. For å gjere det enklare for organisasjonane skal driftstilskotet tildelast for to år om gongen med årleg utbetaling. Frivillige organisasjonar som arbeider særleg med problematisk speleåtferd, der målet med konkrete aktivitetar er å bidra til å hjelpe, førebyggje eller på anna måte gjere kunnskap om speleproblem kjent, kan søkje om prosjektstøtte. Prosjektstøtta er ei eingongstildeling.
Krav til søknad
I søknaden må det gjerast greie for støttegruppas eller organisasjonens aktivitet og mål, og kva eit tilskot skal brukast til. Organisasjonen må vere registrert i Enhetsregisteret eller tilsvarende register. Det må gå tydeleg frem om det blir søkt om driftstilskot eller prosjekttilskot.
I tillegg må siste godkjende årsmelding og rekneskap, samt kontoopplysningar og eventuell anna dokumentasjon av organisasjonen si verksemd leggast ved, for eksempel vedtekter. Dersom søkjar har fått tilskot tidligare, skal rapport om bruken av desse midlane leggast ved søknaden.
1.6 millionar kroner i 2014
Handlingsplanen mot spillproblemer 2013 – 2015 opprettheld og styrkjer tilskotsordninga, og for 2014 blir det lyst ut 1.6 millionar kroner. Utlysinga blir gjort på vilkår av finansiering frå Kulturdepartementet. I tillegg legg Lotteritilsynet til grunn eit tilstrekkeleg tal søknader, og stor nok breidde i søknadene for at heile potten for 2014 kan tildelast.
Merk søknaden med «drifts/prosjekttilskot 2014» og send den til:
Lotteri- og stiftelsestilsynet, postboks 800, 6805 Førde
eller vedlagt e-post til: postmottak@lottstift.prod.dekodes.no
Søknadsfristen er 31. januar 2014.