Bodø kommunale boligstiftelse søkte i 2012 om å oppheve stiftelsen.  Stiftelsestilsynet avslo søknaden, men stiftelsen klaga på vedtaket.  No har Justisdepartementet, som er klageinstans i slike saker, stadfesta Stiftelsestilsynet sitt vedtak. Det betyr at Bodø kommunale boligstiftelse ikkje blir oppheva.

Prinsippavgjerd

Vedtaket frå Justisdepartementet gir ein grundig gjennomgang av fleire sider ved dei kommunalt oppretta bustadstiftelsane. Avgjerda er difor prinsipiell og relevant for omdanningsspørsmål også for andre kommunale bustadstiftelsar.