Lotteritilsynet har godkjent 68 nye nettspel som Norsk Tipping ønskjer å tilby sine kundar.

Dei nye nettbaserte spela, Instaspill, består av fleire kategoriar, m.a. – kasinospel, skrapelodd og bingo. Fem av kasinospela har pokereigenskapar som Kulturdepartementet har opna for.

–  Målet for styresmaktene er  å få kanalisert pengespel frå den uregulerte nettmarknaden til ansvarlege norske nettspel som Norsk Tipping skal få tilby, seier kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Sikrar spelaren

Anne Mette Hjelle meiner  at vi gjennom å regulere desse pengespela sikrar spelaren sine rettigheiter. Ei slik regulering opnar også  for  kontroll og tilsyn av pengespel som i dag er uregulerte i Norge.

Lotteritilsynet har i arbeidet med spelereglane  lagt vekt  på at den nye norske nettspelmarknaden skal ha ansvarlege pengespel. Difor inneheld spelereglane ei rekkje ansvarlegheits-verktøy, som til dømes:

  • Verktøy til å setje eigne grenser for innsats og tap.
  • Bevisstgjering av tida som blir brukt på speling.
  • Spelepausar og eksklusjon frå all speling – om ønskjeleg i lang tid.
  • Sjølvtestar av speleåtferd.
  • Tilbod om Play Scan – eit verktøy som gir spelaren beskjed om uheldig speleåtferd.

Nei til gratis pengar

–  Spelereglane set også grenser for marknadsføringa av dei nye spela. Det er for eksempel ikkje lov å bruke økonomiske lokkemiddel i form av gratis pengar eller andre personlege  bonusprogram. Såkalla autoplay er heller ikkje tillate, og det kan ikkje rettast marknadsføring mot spelarar som har ekskludert seg frå slike spel, seier kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle.

I spelereglane er det maksimale grenser for kor mykje ein spelar kan tape på ein dag (4000 kroner), ei veke (7000 kroner) og ein månad (10 000 kroner).  Desse tapsgrensene skal fungere som eit siste sikkerheitsnett.