Ulovleg pyramidespel skal stoppast av EU-samarbeid
Bakgrunnen for lovendringa er EUs nye forordning om forbrukarvern-samarbeid mellom myndigheiter i EU/EØS. I tillegg kommer CPC-forordning (EU 2017/2394), som trådte i kraft 17. januar 2020.
Breitt samarbeid internasjonalt
Dei nye reglane gir Lotteritilsynet utvida mynde til å undersøke og stanse ulovleg pyramideverksemd. Dagens samarbeidsreglar mellom tilsyna i EU/EØS blir vidareført, men med auka forpliktelsar.
– Lotteritilsynet kan reagere raskare og meir effektivt ved brot på pyramideregelen. Lotteritilsynet kan også varsle andre tilsyn i Europa, dele informasjon og få bistand til å stoppe ulovlege pyramidespel som opererer innanfor EU/EØS-landa, seier seniorrådgjevar og jurist i Lotteritilsynet, Monica Alisøy Kjelsnes.
Sjølv om Lotteritilsynet no får fleire verktøy til å stoppe ulovlege pyramidespel, har ikkje tilsynet mogelegheit til å vurdere alle selskap vi blir kontakta om.
– Derfor vil vi fortsatt åtvare mot all verksemd som liknar på pyramidespel. Det er knytt stor risiko til å delta i pyramideliknande verksemd, og vi oppmodar alle om å halde seg unna, seier Kjelsnes.
Les meir om kva som er ulovlege pyramideselskap.
Forbrukartilsynet, Medietilsynet og seks andre offentlege myndigheiter får også langt på veg dei same verkemidla som Lotteritilsynet innan sine respektive ansvarsområde for å kunne reagere mot lovbrot som råkar forbrukarinteresser.
Oversikt over dei viktigaste endringane
Dei nye reglane gir Lotteritilsynet mynde til å krevje opplysningar frå fleire i tilsynet med ulovlege pyramidespel. Lotteritilsynet kan innhente opplysningar frå banker og andre private verksemder og offentlege myndigheiter som Forbrukartilsynet og Skatteetaten.
Lotteritilsynet kan også gjennomføre testkjøp med skjult identitet for å avdekke brot på pyramideregelen.
Lotteritilsynet vil også kunne fatte mellombelse vedtak om stans av pyramideverksemda i påvente av opplysningar dersom det er rimeleg grunn til å tru at det ligg føre brot på pyramideregelen.
Vidare kan domstolen etter krav frå Lotteritilsynet, pålegge internettleverandørar eller andre tredjepartar å fjerne, eller stenge digitalt, nettinnhald til ulovlege pyramideselskap.
Les meir om endringane i lovverket for å stoppe ulovleg pyramideverksemd.