Kasinospel aukar – reduksjon for pengespel
Det var ein liten nedgang i trafikken på Hjelpelinja for speleavhengige i 2013. Reduksjonen gjaldt samtalar om pengespel, medan samtalar om dataspel var stabilt samanlikna med året før. Dette går fram av samtalestatistikken 2013 som no er klar.
Små endringar
Det er endringar i fordeling på ulike pengespel. Samtalar om kasinospel har auka gjennom fleire år samstundes som talet på samtalar om poker er redusert. Også oddsspel og bingospel er blant spel som forholdsvis ofte er tema i samtalane, men statistikken viser ein reduksjon frå tidlegare år.
Rundt 1000 samtalar
I 2013 hadde Hjelpelinja 1088 seriøse samtalar om speleproblem. 982 av desse handla om spelarar. Samtalar om spelarar er redusert med sju prosent frå året før.
Talet på samtalar om pengespel utgjer 657, og er redusert med 11 prosent sidan 2012. Samtalar som kun handlar om dataspel utgjer 325, noko som er tilnærma uendra frå 2012 då talet var 326.
Overvekt av menn
Blant dei som ringde eller vart omtalt ved Hjelpelinja om pengespelproblem i 2013, er 84 prosent menn. Snittalderen for menn er 35 år og for kvinner 46 år.
Blant førstegongs samtaler er kasinospel, poker og oddsspel inklusiv liveodds oftast nemnde som hovudproblemspelet med høvesvis 175, 80 og 65 samtaler. Blant desse er det berre samtalar om kasinospel som har auka frå 2012.
Færre ringer om bingo
Samtalar om bingospel, både ordinær bingo og databingo, er no redusert gjennom to år – først frå 104 i 2011 til 79 i 2012. I 2013 vart det registrert 49 samtalar. Lotteritilsynet ser endringa i samanheng med at regelverket for databingo vart endra i starten av 2012.
Talet på samtalar om Multix-terminalar er også redusert, og utgjer 28 i 2013. I tillegg har Hjelpelinja motteke sju samtaler om Belago som står i utplassert i bingohallar.
Les heile samtalestatistkken for 2013.