Stiftelsestilsynet sende ut faktura for årsavgifta 2014 til stiftelsane  i veke 5/14. Satsane er endra i år. Sjå gjeldande satsar her.

Årsavgifta aukar for store stiftelsar

Avgiftsklassane er endra i år, og avgifta er knytt opp mot rettsgebyret. Dei store stiftelsane betaler meir, mens dei minste stiftelsene slepp avgiftsauke. Dette fordi Stiftelsestilsynet skal bruke meir ressursar på tilsyn av dei store stiftelsane enn dei små.

Ny klageinstans

Frå 1. januar 2014 vart ansvaret for stiftelseslova overført frå Justis- og beredskapsdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet som no er klageinstans for vedtak fatta av Stiftelsestilsynet. Dette gjeld fram til ei stiftelsesklagenemnd eventuelt er oppretta.

Anna nytt finn du i informasjonsskrivet frå Stiftelsestilsynet (jan. 2014) som låg ved fakturane til stiftelsane i år.