Lotteri- og stiftelsestilsynet skal føre tilsyn med at mottakarar av Grasrotandelen følgjer regelverket som gjeld på dette området. Vi har difor sett i verk ein stikkprøvekontroll av eit utval organisasjonar som er registrert som grasrotmottakarar i Frivillighetsregisteret.

Femti organisasjonar har fått brev

I midten av februar 2014 sende vi brev til omlag femti organisasjonar der vi ber om å få tilsendt diverse dokumentasjon.

Dette ber vi om

  • Eigenerklæring om organisasjonen si verksemd.
  • Vedtekter.
  • Siste godkjente og signerte årsrekneskap.
  • Siste godkjente og signerte årsmelding.
  • Siste godkjente og signerte revisjonsmelding.
  • Årsmøteprotokoll eller protokoll frå siste årsmøte/øvste styrande organ.

Fristen for svar er sett til 5. mars 2014.