Styret i stiftelsen Betanien Bergen avdekka i løpet av 2013 eit underslag på 14,6 millionar kroner utført av dagleg leiar over ein periode på 7 år. Stiftelsen har no i samarbeid med Stiftelsestilsynet vedteke å gjennomføre ei ekstern gransking for å undersøke og vurdere omfanget av underslaget. Granskinga vil også omfatte stiftelsen sin internkontroll og styret si handtering av saka.

Det er revisjonsfirmaet BDO som har fått granskingsoppdraget, som er planlagt avslutta innan mai 2014. Stiftelsestilsynet har hatt tett dialog med stiftelsen Betanien Bergen, og har godkjent mandat og val av granskar.

Ventar på rapporten
– Vi opna tilsynssak mot stiftelsen i november 2013, og har sidan hatt mykje dialog med både styret og politiet. No blir det i tillegg ei ekstern gransking, og vi vil ikkje gjere ytterlegere undersøkingar i saka – eller konkludere med noko – før granskingsrapporten er klar, seier avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen i Stiftelsestilsynet.

– Vår oppfatning er at styret har eit ønske om å få full oversikt over kva som har skjedd, og det er eit godt utgangspunkt for å rydde og skape ro rundt stiftelsen. Vi er opptekne av at stiftelsen følgjer lover og vedtekter, men vi ønskjer også å ta vare på stiftelsen og bidra til ro av omsyn til formål og ca. 550 tilsette, seier Paulsen.

Fra år 2000
Undersøkinga omfattar tidsrommet frå år 2000 og fram til i dag, men vil også omfatte eldre tilhøve dersom det blir aktuelt.

 

For meir informasjon kan du kontakte:
Avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet, Gunn Merete Paulsen, tlf. 992 84 338