Lotteritilsynet reknar med at nordmenn satsa mellom 11 og 15 milliardar kroner på utanlandske nettspel i 2013. Dette talet er høgre enn før fordi ny reknemåte baserer seg på at gevinstar blir satsa om igjen. Marknaden er likevel stabil totalt sett.

Dette går fram av årsmeldinga til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Stabil omsetning
Dei siste åra har Lotteritilsynet estimert at nordmenn satsa ca. fem milliardar kroner på utanlandske nettspel. I dette talet var det ikkje teke høgde for at gevinstar blei brukt til nye spel.

– Det nye og høgare talet for brutto omsetning betyr ikkje at utanlandske spelselskap reelt sett hadde auka omsetning her i landet. Vi meiner nordmenn si satsing på slike pengespel var stabil også i 2013, seier kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Hjelle viser til at nordmenn sitt samla tap på utanlandske nettspel i fjor låg mellom 700 millionar og ein milliard kroner. Dette er det same som tidlegare overslag, og dette underbyggjer at marknaden er stabil.

Annan informasjon
Tidlegare år har overslag vore basert på data frå spørjeundersøkingar der spelarar har oppgitt kor mykje dei spelte for. Omsetningstala for 2013 er berekna på grunnlag av annan informasjon om spelemarknaden som vi no har tilgang til, mellom anna marknadsinformasjon om Norge frå eit britisk analyseselskap. Tala er også basert på kunnskap om den lisensierte danske marknaden for nettspel.