Lotteritilsynet fatta 30. april vedtak om at selskapet World Ventures i Norge må stoppe sin aktivitet fordi dei driv ein ulovleg pyramide.

World Ventures har tre vekers frist til å klage på vedtaket. Lotteritilsynet har utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute, og på visse vilkår også til klagesaka er avgjort.

Lotteritilsynet varsla i februar om at tilsynet konkluderte med at World Ventures dreiv ein ulovleg pyramide. I varselet bad tilsynet om stadfesting og dokumentasjon på at World Ventures hadde avslutta sin aktivitet.

Medlemskap i reiseklubb

World Ventures sel medlemskap i ein reiseklubb som skal gi rabattar på ferieopphald i heile verda. Feriane blir selde gjennom selskapet Rovia. World Ventures tilbyr også salsrepresentantskap.

Selskapet sine salsrepresentantar mottar provisjon og bonus når dei sel medlemskap. I tillegg får dei provisjonar av medlemskap selde av andre salsrepresentantar på nivå under i ein pyramidestruktur.

Ved utgangen av mai 2013 hadde World Ventures 3654 medlemer i Norge. Rundt 95 prosent av medlemene var også salsrepresentantar.

Medlemskap og salg

Ein gjennomgang av saka viser at det kostar ca. 6200 kroner å vere både salsrepresentant og medlem første året. Dei neste åra kostar det same ca. 4000 kroner. Tal frå World Ventures viser at det gjennomsnittleg vart selt reiser for vel 500 kroner pr. medlem i 2012.

Lotteritilsynet konkluderer med at World Venture si verksemd i Norge er eit ulovleg pyramidespel fordi inntektene nesten berre kjem frå verving av medlemer og ikkje sal av reiseopphald.  Tilsynet meiner difor verksemda er eit brot på § 16 i lotterilova som set forbod mot å opprette, drive, delta i eller utbre pyramidespel eller liknande system.

Tips frå publikum

World Ventures er eit amerikansk selskap som har vore etablert i Norge sidan oktober 2010.. Lotteritilsynet opna tilsynssak mot World Ventures våren 2013. Bakgrunnen var at Lotteritilsynet mottok ein rekkje tips og spørsmål  frå publikum om selskapet der det blant anna vart stilt spørsmålsteikn ved om sal av reiser var den reelle inntektskjelda i selskapet.