Forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar (§ 6) slår fast at organisasjonane må bruke den same søknadsmodellen som blir vald i søknadsåret 2014 i tre år framover.

Gjeld likevel ikkje for 2014


Men no har Kulturdepartementet informert Lotteri- og Stiftelsestilsynet om at kravet om bindingstid likevel ikkje skal ha verknad for søknadsåret 2014. Det betyr at organisasjonane også neste år kan velgje søknadsmodell uavhengig av kva modell dei søkte etter i 2014.