Lyoness driv ikkje ulovleg
Lotteritilsynet har i vår vurdert verksemda til selskapet Lyoness i Norge. Konklusjonen er no klar.
Selskapet driv ikkje ulovleg verksemd i Norge
I den foreløpige tilsynsrapporten konkluderer Lotteritilsynet med at Lyoness ikkje driv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem i Norge i strid med lotterilova § 16 andre ledd. Konklusjonen byggjer på den informasjonen som Lotteritilsynet har om Lyonness si verksemd i Norge i dag.
Vi kjem tilbake med meir detaljert informasjon om saka seinare.