Endringar i Forskrift nr. 640 om tilskudd til samfunnsnyttige og humanitære organisasjoner fra spilleoverskuddet til Norsk Tipping trådte i kraft 1. juni 2014. I samband med dette har Kulturdepartementet utforma eit rundskriv til Lotteritilsynet som utdjupar dei endra bestemmelsane i forskrifta. Dette gjeld m.a. definisjon av kva  f.eks.  ‘landsdekkende organisasjoner’ og ‘ikke fortjenestebasert virksomhet’ i forskrifta betyr.

Søknadskjema blir klart i august

Basert på føringane i dette rundskrivet blir det no utforma eit søknadsskjema for den nye ordninga.
Søknadsskjema vil vere tilgjengeleg på Lotteritilsynets nettsider i løpet av august.

Utsett søknadsfrist

Søknadsfristen for den nye ordninga er i år utsett til 1. oktober.

Les meir om ordninga i pressemelding frå Kulturdepartementet av 14. mai 2014.
Sjå også heile rundskrivet frå KUD i melding av 18. august 2014.