Frivilligavdelinga i Lotteritilsynet har sendt brev med tilbakekalling av godkjenning som lotteriverdig organisasjon til 450 organisasjonar.  Bakgrunnen for tilbakekallinga er at organisasjonene ikkje har sendt inn den rekneskapsrapporten vi skal ha innan 1. juni.

Lang prosess

Lotteritilsynet startar denne prosessen midt i februar kvart år med å sende ut informasjon til alle dei 5 200 lotteriverdige organisasjonane. Samtidig legg vi ut informasjon på nettsidene våre, med lenke til det elektroniske rapporteringsskjema i ALTINN og vårt eige papirskjema.

Ny frist i august

I midten av juni sender vi så ut varsel om tilbakekalling til dei organisasjonane som ikkje har rapportert innan fristen. I år var dette 1785 organisasjonar, som alle fekk ny frist til 8. august. Dei som ikkje hadde rapportert innan denne datoen, får dermed tilbakekalling i eigne vedtak. Det er tre vekers klagefrist på dette vedtaket, og Lotteritilsynet har lagt seg på ei linje der alle som sender inn rapporten før klagefristen, får behalde si godkjenning.

Fleire aktive bingo-/lotteriløyve enn før på lista

I fjor vart det sendt ut litt over 500 varsel om tilbakekalling. I år gjekk det ut 450 slike varsel. Lotteritilsynet har aldri sendt ut så få varsel som i år. Det som derimot er nytt i år, er at ca 45 % av dei som får varsel no, har aktive bingo-/lotteriløyve.  Dersom desse ikkje rapporterer innan klagefristen, vil dei misse inntektene når dei aktiverer løyvet frå og med 1. oktober i år, samtidig som dei blir utestengt frå denne type aktivitet i 6 månader frå same dato. Dette er eit mykje høgare tal enn før.

For å nå dei lotteriverdige organisasjonane brukar Lotteritilsynet den offisielle adressa til organisasjonane i Brønnøysundregisteret. Det er difor viktig at organisasjonane følgjer opp og endrar namn og adresse når organisasjonen skifter ut folk i styret.