OBS: Denne teksten er frå 2014. Vi har seinare oppretta ny tilsynssak og konkluderte i juni 2018 med at Lyoness må stanse ulovleg pyramideverksemd i Norge

Handelsnettverket Lyoness driv ikkje  eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem i Norge i dag. Det er konklusjonen i Lotteritilsynet sin endelege tilsynsrapport om Lyoness.

Derimot meiner tilsynet at Lyoness i åra 2012 og 2013 dreiv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem der meir enn 50 prosent av inntektene i denne perioden kom frå verving av medlemer.

Lojalitetsbedrifter

Lyoness er eit internasjonalt handelsnettverk som knyter til seg lojalitetsbedrifter i tillegg til medlemer som får fordelar ved å handle i lojalitetsbedriftene.  I 2014 kjem meir enn halvparten av inntektene i nettverket frå sal av varer og tenester. Dermed er ikkje drifta i dag i strid med lotterilovas paragraf 16 som set forbod mot både å drive, utbre og delta i ulovlege pyramidar.

Lyoness har undervegs i tilsynssaka sagt seg usamd i at Lyoness var eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem i 2012 og 2013.

Saka avslutta

Tilsynssaka mot Lyoness vart oppretta i desember 2013 etter at Lotteritilsynet mottok mange tips og telefonsamtalar som tyda på at selskapet dreiv eit ulovleg pyramideliknande omsetningssystem. Lotteritilsynet på si side ser på saka som avslutta med sin endelege tilsynsrapport.