Europarådets konvensjon mot kampfiksing signert
På eit møte i Sveits den 18. september mellom sportsministrane i Europarådet signerte femten land på den nye konvensjonen mot kampfiksing. Dei femten landa er Armenia, Azerbajan, Bulgaria, Danmark, Finland, Georgia, Tyskland, Hellas, Lithauen, Montenegro, Nederland, Norge, Russland, Serbia og Sveits.
Konvensjonen har vore førebudd i to år, og frå Norge har representantar frå både Kulturdepartementet og Lotteritilsynet delteke aktivt i arbeidet. Lotteritilsynet vil, saman med idretten og speleselskapa, ta ein aktiv rolle for å sikre at krava i konvensjonen blir gjennomført på ein god måte i Norge. Første møte i gruppa som arbeider med dette blir i oktober.
Les meir i pressemeldinga frå Europarådet.