Facebook fjernar speloperatørar
Facebook har fjerna sidene til fleire utanlandske speloperatørar etter oppfordring frå Lotteritilsynet. Å stoppe ulovlig marknadsføring av utanlandske pengespel er ei viktig oppgåve og vi sendte inn 20 eksempel på Facebooksider vi meiner bryt norsk lov.
– Det er veldig positivt at Facebook rettar seg etter norsk lov, seier avdelingsdirektør for pengespel Linda Vøllestad Westbye.
Utanlandske spelselskap har i lengre tid nytta sosiale medium som reklamekanalar for å nå nye kundar i Norge. Lotteritilsynet har hatt ein dialog med både YouTube og Facebook om å få fjerna det vi meiner er ulovlig pengespelreklame.
I fjor blokkerte YouTube fleire videoar med ulovleg spelreklame retta mot den norske marknaden.