Kulturdepartementet vil opne for løyve til inntil fem nye private lotteri.  Ansvaret for å avgjere søknader blir flytta til Lotteritilsynet.

Dette går fram av eit høyringsframlegg som Kulturdepartementet har sendt ut. I framlegget går det fram at Regjeringa ønskjer seg nye lotteri med inntil 300 millionar kroner i årleg omsetning.

Her er nokre andre hovudtrekk i framlegget:

  •  Viss det er mier enn fem søkjarar som tilfredsstiller vilkåra i forskrifta, vil dei fem løyvene blir fordelt ved loddtrekning.
  •  Løyvene skal vare i sju år.
  •  Berre samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som har vesentleg internasjonal aktivitet kan søkje om løyve.
  • Lotteria skal ikkje føre til speleavhengigheit.
  • Minst halvparten av lotteriet sin omsetning etter frådrag for gevinstar skal gå til formåla.

Kulturdepartementet føreslår også nye reglar for marknadsføring som skal sikre godt forbrukarvern og hindre at reklame for desse lotteriene skal føre til meir problematisk speleåtferd.