Det kom inn 1183 søknader om momskompensasjon i 2014. Dette er 104 fleire enn i 2013. Også søknadsbeløpet er større, ein auke på 59 millionar kroner samanlikna med i fjor.

Mindre avkorting i år

Samla er søknadsbeløpet i 2014 på 1,482 milliarder kroner mot 1,423 kroner i 2013. Det samla godkjende søknadsbeløpet blir ikkje klart før alle søknadene er behandla. I 2013 fekk søkjarane tildelt 69,9 prosent av søknadsbeløpet etter avkorting. Basert på at løyvinga til ordninga i 2014 er auka med 250 millioner kroner vil avkortinga av søknadsbeløpa bli mindre i 2014. Vi registrerer også at stadig fleire søkjer elektronisk. Av heile søknadsmassen på 1183 er det 771 som brukar elektronisk søknadsskjema. Det er over hundre fleire enn i 2013. Det er også fleire enn tidlegare som søkjer etter forenkla modell.

Utbetaling i desember

I 2013 var det 17 863 organisasjoner som fekk tildelt kompensasjon. Basert på tala vi kjenner så langt vil over 19 300 organisasjoner få kompensasjon i 2014. Auken skuldast at sentralledda tek stadig fleire lokale lag med i søknaden sin. Saksbehandlinga vil bli avslutta i slutten av november. Tildelingsbrev blir sendt ut i byrjinga av desember med utbetaling i første halvdel av same månad.