NM i turneringspoker
Kulturdepartementet har vedteke endringar i lotteriregelverket slik at NM i turneringspoker kan arrangerast i Norge frå 2015. Lotteritilsynet har fått i oppdrag å følgje opp vedtaket med utgangspunkt i forskrift til lov om lotterier § 8 om turneringspoker.
Søknadsfristen er 12. januar 2015. Søknadsskjema med rettleiing vil bli lagt ut på vår nettside innan 12. desember 2014.
Søknaden må førebuast
Interesserte som vil søkje om å få arrangere NM bør starte førebuinga no. Mellom anna må du vere godkjent som lotteriverdig organisasjon. Du må dessutan vere autorisert som entreprenør dersom du ønskjer å arrangere på vegner av andre. Både godkjenning og autorisasjon blir gitt av Lotteritilsynet etter søknad.
Meir informasjon
Lotteritilsynet arbeider no med utlysingstekst, søknadsskjema og rettleiing til søknad med utgangspunkt i forskrifta. I denne prosessen ønskjer vi innspel og spørsmål om ting som er uklart i forskrifta, slik at vi kan få dette med i rettleiinga.
Følg denne lenka for kontaktopplysningar og meir informasjon om søknadsprosessen.