Låg husleige kan truge føremålsrealisering i bustadstiftelsar
Mange norske bustadstiftelsar realiserer føremålet ved å gi rabattert husleige til ei bestemt målgruppe. Dei fleste stiftelsane forvaltar bustadmassen på ein forsvarleg måte. Men fleire stiftelsar ser ikkje ut til å vere klar over at det blir rekna som ei utdeling frå stiftelsens kapital å ta husleige som er lågare enn marknadsleige.
Dette er eit av hovudfunna i ein stor temakontroll som Stiftelsestilsynet har gjennomført. Kontrollen vart gjort blant 180 større bustadstiftelsar, som til saman forvalter over 15 000 bueiningar.
Stiftelsestilsynet meiner at styret må vere bevisst på fleire ulike faktorar ved fastsetting av storleiken på den rabatterte husleiga, blant anna at det må vere tilstrekkelig kapitalreserve til gjennomføring av nødvendig vedlikehald og fornying av eigendomsmassen.
Langt perspektiv
– Det er viktig at styret i bustadstiftelsar har kompetanse som sikrer forsvarlig forvaltning av eigedomsmassen slik at stiftelsens føremål kan realiserast – både i eit kortsiktig og eit langsiktig perspektiv, seier avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen i Stiftelsestilsynet.
Vedlikehald er viktig i bustadstiftelsane, og temakontrollen viser at ein del stiftelsar har dagens minste standard som mål for vedlikehaldsarbeidet. Samtidig betaler leigetakarar sterkt rabattert husleige, og resultatet er at stiftelsen kan få vanskar med å byggje tilstrekkelige reserver for vedlikehald.
-I den grad dette er ein bevisst strategi frå styra, er det ein risiko for at stiftelsen balanserer på kanten av kva som kan seiast å utgjere forsvarlig kapitalforvaltning, seier Gunn Merete Paulsen.
Ein million kvadratmeter
Vi har i dag totalt ca. 670 bustadstiftelsar i Norge. Ifølgje Stiftelsestilsynets anslag leiger desse stiftelsane ut ca. 17 000 bueiningar med eit samla bruksareal på ca. ein million kvadratmeter. Temakontrollen viser at styra i mange stiftelsar tar framtidig vedlikehald av bustadmassen på alvor. Heile 70 prosent av stiftelsane i undersøkinga bygger opp økonomiske reserver for å møte kostnader til nødvendig vedlikehald og fornying i framtida.
På bakgrunn av funna i undersøkinga har Stiftelsestilsynet utarbeida generelle anbefalingar for forvaltning og styring av bustadstiftelsar:
- Styret må ha nødvendig kompetanse til å sikre forsvarlig forvaltning av eigedomsmassen slik at stiftelsens førermål kan realiserast både i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv.
- Styret må vere bevisst utdelingsbegrepet etter § 19, og at det er styret som skal vedta husleigenivået.
- Vedlikehald skal følgje systematiske og rullerande vedlikehaldsplanar.
- Det bør etablerast prosedyrer for jamleg å fastsette utleigeeiningas marknadsmessige utleigeverdi.
- Styret skal vurdere om det er tilstrekkelig kapitalreserve i stiftelsen til nødvendig vedlikehald før det blir fatta vedtak om utdeling gjennom ei husleige som er lågare enn marknadsleige.
- Som eksternt kontrollorgan bør revisor i større grad tenke langsiktig ved revisjon av årsrekneskapen til bustadstiftelsane. Eit høgt utdelingsnivå i kombinasjon med manglande likviditet eller plan for finansiering av framtidig vedlikehald, kan indikere manglar ved formuesforvaltninga, som bør peikast på i nummererte revisorbrev til stiftelsen.
Resultata frå temakontrollen om forvaltning og styring av bustadstiftelsar vil bli presentert på ein dagskonferanse på Gardermoen 25. november. Her er alle bustadstiftelsane som deltok i undersøkinga invitert, og 90 representanter fra stiftelsane vil delta på konferansen. Her kan du lese rapporten.
For meir informasjon kan du kontakte avdelingsdirektør Gunn Merete Paulsen i Stiftelsestilsynet på tlf. 992 84 338 E-post: gmp@stiftelsestilsynet.no
Du kan også kontakte kommunikasjonsdirektør Anne Mette Hjelle i Lotteri- og stiftelsestilsynet på tlf. 992 84 302 E-post: amh@lottstift.prod.dekodes.no