Utlysing – NM i turneringspoker
Landsdekkande samfunnsnyttige eller humanitære organisasjonar kan no søke Lotteritilsynet om løyve til å arrangere NM i turneringspoker i perioden 2015-2017.
Søknadsfristen er 1. februar 2015. Sjå fullstendig utlysning, søknadsskjema og presisering av vilkår.
Det er eit krav at søkar må vere ein lotteriverdig organisasjon. Den som søker må også ha få eller ingen inntekter frå den norske lotteri- eller pengespelmarknaden. Fleire organisasjoner kan søke om å arrangere NM i fellesskap. Det er også mogleg å knytte seg til ein entreprenør med pokerkompetanse.
Bakgrunnen for at Lotteritilsynet lyser ut arrangementet er at Kulturdepartementet har vedtatt endringer i lotteriregelverket slik at NM i turneringspoker kan arrangerast i Norge frå 2015.