Nær 51 milliardar kroner til formål dei siste ti åra
I løpet av dei siste ti åra har formåla motteke 51 milliardar kroner frå norske pengespel og lotteri. I spel- og lotteriåret 2013 fekk såleis gode formål i alt 5 milliardar kroner.
Dette går fram av pengespelstatistikken for 2013 som no er klar.
Mange lag og organisasjonar har inntekter frå lotteri og pengespel i Noreg. Gjennom ei overgangsordning har Lotteritilsynet i år også betalt ut nær 94 millionar kroner til lag og organisasjonar som tidlegare ikkje har hatt inntekter frå overskotet til Norsk Tipping.
Nordmenn satsa meir i 2013
I 2013 satsa nordmenn 30,9 millionar kroner på dei regulerte pengespela i Noreg. Dette er litt over to milliardar meir enn året før. Av dette gjekk 21,9 milliardar kroner tilbake til spelarane i form av gevinstar. I gjennomsnitt satsa kvar nordmann 6086 kroner på regulerte pengespel i 2013, ein auke på 375 kroner samanlikna med 2012.