93 millionar utbetalt før jul
Ialt 23 samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar fekk før jul utbetalt over 93,5 millionar kroner frå deler av overskotet til Norsk Tipping. Utbetalinga er resultatet av ei ny ordning som vart vedteken i mai, og med forskriftsendring gjort gjeldande frå 1. juni 2014.
Dette er ei overgangsordning der samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som er landsdekkande og elles fyller vilkåra i forskrifta kan søkje om tilskot. Søknadsfristen er 1. september kvart år.