Lotteri- og stiftelsestilsynet sin årsrapport for 2014 er ferdig.

Dette er første gongen Lotteri- og stiftelsestilsynet leverer berre ein publikasjon for å rapportere om tilsynsarbeid, forvaltning og drift av tilsynet til Kulturdepartementet. Fram til 2013 vart det laga to publikasjonar – ei årsmelding og ein årsrapport.

Dei tidlegare årsmeldingane handla mest om tilsynsarbeid og forvaltning på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine fagområde. I tillegg leverte administrasjonen ein årsrapport der tilsynet mellom anna rapporterte på økonomi.

Frå 2014 er desse to publikasjonane slegne saman til ein. Her legg vi i større grad vekt på fakta og informasjon som Kulturdepartementet ber oss rapportere om  i det årlege tildelingsbrevet. Den nye årsrapporten vil såleis ha eit innhald som skil seg ein del frå dei tidlegare årsmeldingane. I årsrapportane vil du av den grunn ikkje finne statistikk for dei regulerte og uregulerte pengespela.