Den internasjonale olympiske komite (IOC) skal starte ei varslingsteneste for å avsløre kampfiksing og korrupsjon i idretten. Det skriv Norges idrettsforbund på sine nettsider.

Samstundes skriv VG at IOC har bedt om eit møte der internasjonale toppleiarar innan idretten kan sjå nærare på den norske modellen mot kampfiksing. Dette er eit arbeid som skal leiast av Lotteritilsynet.

IOC si nye varslingsteneste blir webbasert. Meininga er at den skal kunne brukast av alle når det er mistanke om manipulering med idrettsresultat eller korrupsjon i idretten. IOC-president Thomas Bach seier målet med tilbodet er å beskytte dei reine idrettsutøvarane.