Framleis fritt val av søknadsmodell
Forskrift om meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar (§ 6) slår fast at organisasjonane må bruke den same søknadsmodellen som blir vald i søknadsåret 2015 i tre år framover.
Likevel fritt val også neste år
Kulturdepartementet har informert Lotteri- og stiftelsestilsynet om at kravet om bindingstid likevel ikkje skal ha verknad for søknadsåret 2015. Det betyr at organisasjonane også neste år kan velgje søknadsmodell uavhengig av kva modell dei søkte etter i 2015.