Frivilligheita har søkt om nær 1,6 milliardar i koronastøtte
Krisepakke 2 skal kompensere frivillige lag og organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement eller anna aktivitet, som følge av pålegg eller råd gitt av offentlege styresmakter i samband med covid- 19. Denne krisepakken gjaldt frå 12. mars til 31. august 2020.
Nøkkeltal
- Det er kome inn 6803 søknadar. Det er i snitt søkt om støtte til fire arrangement eller aktivitetar i kvar søknad.
- Det er søkt om støtte for 25 849 arrangement og anna aktivitet.
- 6130 ulike organisasjonar har søkt.
- Det samla søknadsbeløpet er på 1 578 977 713 kroner. Søkarane kan få tildelt inntil 70% av godkjent søknadsbeløp.
Treff sektoren godt
– Inntrykket vårt er at denne ordninga treff sektoren godt. Mange har søkt, og vi har også betalt ut undervegs, seier Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.
I krisepakke 2 er det til no betalt ut til saman 422 millionar kroner i tre puljar.
– Resten kjem vi til å betale ut i fleire puljar framover, seier Hamar.
Regjeringa har foreslått ei løyving på ein milliard kroner til ei tredje krisepakke som skal gjelde frå 1.september til og med 31. desember 2020. Vilkåra for denne ordninga er ikkje klare.
Fordeling søknadsbeløp
Tal organisasjonar | Søknadsbeløp | |
---|---|---|
Over 10 MNOK | 8 | 146 535 494 |
Mellom 5 MNOK og 10 MNOK | 17 | 123 995 184 |
Mellom 1 MNOK og 5 MNOK | 233 | 433 727 207 |
Mellom 100 000 og 1 MNOK | 2406 | 695 881 835 |
Under 100 000 | 3466 | 178 837 993 |
Totalt | 6130 | 1 578 977 713 |
Fylkesoversikt