Ryttaren Malin Berås har følgt opp pålegget frå Lotteritilsynet om å stoppe ulovleg marknadsføring av pengespelselskapet LeoVegas.

Lotteritilsynet er positiv til at Malin Berås har fjerna ulovleg marknadsføring på Facebook og Twitter. I tillegg er annonsar med invitasjon til arrangementet «Vegas Party» fjerna på nettsider og i sosiale kanalar, og det blir ikkje ulovleg marknadsføring i samband med arrangementet. Nettsida med norsk adresse er heller ikkje aktiv lenger. Dermed har Malin Berås følgt opp tre av dei fire punkta i Lotteritilsynet sitt vedtak den 3. juni.

Ber om stadfesting
I vedtaket vart ho også pålagd å fjerne ulovleg reklame på utstyr som er brukt under travløp og på ein bil. Malin Berås har uttalt til media at denne reklamen vil bli fjerna, og Lotteritilsynet har bedt om å få dette stadfesta. På desse punkta ser Lotteritilsynet saka som avslutta.

Malin Berås si nettside er flytta frå ei norsk adresse til ei dot com-adresse. Denne nettsida har framleis ei aktiv lenke til det aktuelle spelselskapet. Så lenge marknadsføringa er retta mot Norge, vil lotterilova og pengespellova gjelde slik Lotteritilsynet har orientert om i eit brev til utanlandske spelselskap og såkalla ambassadørar i Norge. Lotteritilsynet ber difor om ei snarleg tilbakemelding på om at den aktuelle annonsen blir fjerna. Dersom dette ikkje blir stadfesta, vil Lotteritilsynet fatte nytt vedtak i saka som gjeld nettsida.