1781 organisasjonar har ikkje rapportert rekneskap
Fristen for å rapportere rekneskapsopplysningar til Lotteritilsynet for 2014 gjekk ut 1. juni. Difor har 1781 godkjende, lotteriverdige lag og organisasjonar i desse dagar fått purring med ny frist 10. august.
– Manglande rapportering blir rekna som eit alvorleg brot på lotterilova, og fører til at til at organisasjonen si godkjenning og lotteriløyve blir kalla tilbake eller sletta, seier seniorrådgjevar Tore Bell i Lotteritilsynet.
Kan miste inntekter
Organisasjonar som ikkje har sendt opplysningar får no eit førehandsvarsel. Her blir dei gjort merksame på at dei risikerer å miste godkjenninga som lotteriverdig organisasjon i eit halvt år.
Dette vil føre til at dei heller ikkje kan få løyve i den perioden. Dei vil også bli sletta frå Lotteriregisteret, men kan søkje om ny godkjenning når perioden er over.
Nokre blir sletta
Alle godkjende, lotteriverdige lag og organisasjonar er pålagde å sende forenkla rekneskapsopplysningar på fastsett skjema. Av ulike grunnar er det alltid ein del som ikkje rapporterer, og til slutt endar det med at ein del kvart år blir sletta frå Lotteriregisteret.
Rekneskapsskjemaet kan leverast via Lotteritilsynet sine nettsider. Stadig fleire leverer no opplysningane sine elektronisk. Av dei som hadde levert skjema innan fristen, var det over 82 prosent som hadde levert elektronisk.
Dei som har rapportert på www.altinn.no eller sendt papirskjema etter fristen, men før førehandsvarselet blir motteke, kan sjå bort frå varselet.