Siw Heggedal Longvastøl er tilsett som ny avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet. Ho er 52 år gammal, og bur i Naustdal.

Siw har sidan 2013 vore direktør for Innovasjon Norge sitt kontor i Sør Afrika, og leiar av den kommersielle avdelinga ved Den norske ambassaden i Pretoria. Før det var ho i vel ti år knytt til Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane – den siste tida som assisterande direktør. Tidlegare har ho også vore tilsett både hjå Fylkesmannen og i heimkommunen – blant anna var ho ein periode kultur- og tiltakssjef i Naustdal.

Frå høgskulane i Møre og Romsdal har Siw utdanning i økonomiske og administrative fag, forutan kommunal planlegging. Frå BI har ho utdanning i styrekompetanse, og i 2010 og 2011 studerte Siw internasjonal forretningsutvikling, innovasjon og nytenking i innovasjon ved NTNU.

Som avdelingsdirektør i Stiftelsestilsynet blir Siw Heggedal Longvastøl del av leiargruppa i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Ho startar i den nye jobben utpå hausten.