Fire studentar ved filmlinja på NOROFF i Oslo har laga ein reklamefilm om Hjelpelinja som ein del av undervisninga.

Kort sagt handlar filmen om ein  far og hans dotter som tek sine første famlande steg. Tilsynelatande er faren strålande nøgd med dotter si, men det viser seg at merksemda hans er ein heilt annan stad – på ein skjerm der han  spelar. Det endar som det ofte gjer – han vann ikkje likevel. Bodskapen er at folk ikkje må søle vekk dei gode stundene i livet, men filmen er ikkje berre ei trist affære – heilt i tråd med filmmakarane sin intensjon.

Studentane har fått svært gode tilbakemeldingar på filmen frå skulen sin og oss i tilsynet. Kostnadane med filmen har studentane stått for, men dei er ikkje store. Skodespelaren stilte opp gratis, og skulen heldt filmutsyret.

– Idéen var at vi skulle lage ein reklamefilm med ein klar visjon. Då syntes vi speleavhengigheit var eit godt formål fortel studentane. Tom Birger Anundsen har stått for foto, Andreas Hansen Lie står bak klipping, Jan Magnus Åkerøy var produsent og Robin Haugsnes var regissør.

Her kan du sjå filmen: