Søknadsfristen for 2020 er ute, og 2001 lag og organisasjonar har søkt om momskompensasjon. Dette er ein auke på fem prosent frå i fjor.  

Frivillige lag og organisasjonar kan søke om å få kompensert meirverdiavgift på varer og tenester. I år er det førebelse søknadsbeløpet på 2,139 milliardar kroner. Ramma er på 1,685 milliardar kroner.

Last ned oversikt over søkarar i 2020.

Utbetaling i desember

Kor mykje søkarane får utbetalt blir ikkje klart før alle søknadane er behandla. Då blir også det samla godkjende søknadsbeløpet klart.

Dersom ramma som er gitt av Stortinget ikkje er stor nok til å dekke det godkjende beløpet for alle søkarane, blir alle beløp redusert med same prosentsats. Saksbehandlinga skal etter planen vere ferdig i slutten av november, og utbetaling skjer i midten av desember.

1611 søkte etter forenkla modell

1611 av søkarane har søkt etter forenkla modell, og 390 etter dokumentert modell. Forenkla modell tar utgangspunkt i totale driftskostnader, medan dokumentert modell tar utgangspunkt i reelle meirverdiavgiftskostnader. Forenkla modell utgjer over 95 prosent av søknadsbeløpet.