Nye lotteriløyve – åtte har søkt
Innan fristen 1. september kom det inn åtte søknadar på dei nye lotteriløyva som vart lyste ut i april 2015. Bak desse søknadane står det tilsaman 14 organisasjonar og 7 entreprenørar.
Kulturdepartementet vedtok i februar 2015 endringar i mellom anna § 7 i forskrift til lov om lotterier av 24. februar 1995 nr. 185 (lotteriforskrifta). Lotteritilsynet skal difor dele ut inntil fem nye lotteriløyve, med ni års varigheit. Omsetninga i det enkelte lotteriet kan utgjere inntil kr 300 millionar kroner årleg.
Søknader
Dei åtte søknadane kjem frå:
- Norges Røde Kors — entreprenør: Norsk Pantelotteri AS
- Stiftelsen WWF Verdens Naturfond/SOS-Barnebyer Norge Stiftelsen — entreprenør: Novamedia Norsk Postkodelotteri AS
- UNICEF Komiteen i Norge — entreprenør: Lottovate Limited NUF
- Right to Play — entreprenør: FotoLotto AS
- Plan Norge/ Care Norge — entreprenør: Charitech AS
- Strømmestiftelsen — entreprenør: Charitech AS
- Regnskogfondet/Caritas Norge/Utviklingsfondet — entreprenør: Donira AS
- Norsk Folkehjelp/Stiftelsen Flyktningehjelpen/Stiftelsen Atlas-Alliansen — entreprenør: Vexta AS
Søknadshandsaming
Lotteritilsynet vil no vurdere kva søkjarar som tilfredsstiller vilkåra i forskrifta, og gjere eit vedtak for kvar enkelt søkjar. Søkjarane kan klage innan tre veker etter at vedtaket er gjort. Dersom meir enn fem søknader fyller vilkåra, vil Lotteritilsynet, når eventuelle klager er ferdighandsama, tildele løyva ved loddtrekning mellom godkjende søkjarar. Løyva vil bli tildelt etter loddtrekninga.