123,8 millionar i idrettsmoms er fordelt
Lotteri- og stiftelsestilsynet sender i dag ut svar på søknad om momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Det er fordelt 123,8 millionar kroner i kompensasjon.
I år får søkjarane ei avkorting på 28 % av den godkjente søknadssummen. Godkjent søknadsbeløp var på totalt 171,9 millionar kroner.
Av dei 451 som søkte om kompensasjon er 407 innvilga. I 2015 var det løyvd 100 millionar til meirverdiavgiftskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg. Løyvinga vart seinare auka i revidert nasjonalbudsjett.
Utbetaling av tildelt beløp vil skje dei næraste dagane.
Sjå oversikt over tildelt beløp per søkar i 2015.