Lotteri- og stiftelsestilsynet gjennomfører ei ny brukarundersøking i haust. Omlag 10.000 av brukarane våre blir i midten av september kontaka på e-post med oppmoding om å svare på undersøkinga.

Det er Epinion Norge AS som gjennomfører undersøkinga for oss, og dei som får e-post no er eit utval av stiftelsar og lag/organisasjonar som har vore i kontakt med oss dei siste 12 månadane.

Vi oppmodar alle som blir kontakta om å svare slik at vi får eit best mogeleg grunnlag for å utvikle dei brukarretta tenestene våre.

Har du spørsmål om brukarundersøkinga 2015, send oss ein e-post.