Norske barn brukar i gjennomsnitt nesten to timar på spel kvar dag, og all denne spelinga er ofte ei kjelde til bekymring og krangel i heimen. Ein ny landsomfattende kampanje skal redusere risikoen for at barn og unge får alvorlege speleproblem.

Kampanjen oppfordrar skular og familiar til å snakke om dataspel og pengespel både i klassane, på foreldremøte og i heimen. Informasjon og forslag til ein husfredavtale mellom dei unge og dei vaksne ligg på nettsida www.husfred.no

– Det er viktig at både dei unge sjølve og foreldra tenkjer gjennom kva dei veit om spel og korleis spel påverkar dei, seier direktør i Lotteritilsynet, Atle Hamar. Lotteritilsynet og Medietilsynet har samarbeidd om kampanjen som har fått namnet Snakk om spill. Kampanjen vart lansert av kulturminister Thorhild Widvey på Engebråten skole i Oslo 22. september.