ØKOKRIM og Lotteritilsynet har laga ei felles rettleiing for bankar og finansforetak.

Ei felles rettleiing frå Lotteritilsynet og ØKOKRIM ved Enheten for finansiell etterretning (EFE), skal bidra til at bankar og andre finansforetak får ei betre forståing av kva som skal rapportereast til kven i samband med ulovleg pengespelverksemd.

Les heile rettleiaren her (PDF).

Den 1. januar 2020 blei det satt i verk endringar i forskrift om forbod mot betalingsformidling som ikkje har norsk løyve. Målet er å gjere forbodet mot betalingsformidling for pengespel som ikkje har norsk godkjenning, meir effektivt, for å begrense ulovlege pengespeltilbod.

Foretak som yter betalingstjenester i Norge
har ikke lov til å formidle innsats og gevinst
i pengespill som ikke har tillatelse i Norge, jf.
pengespilloven § 2 første ledd, lotteriloven
§ 11, totalisatorloven § 3 første ledd.

Lotteritilsynet understrekar at forbodet mot formidling av betaling gjeld generelt, og ikkje kun i dei tilfella Lotteritilsynet har treft vedtak. Dersom bankar og andre finansforetak har mistanke om pengespeltransaksjoner, bør dei gjere nærare undersøkingar rundt dette. I dei tilfella foretaka er kjent med at transaksjonen er innskot til eller utbetaling frå pengespel, uten norsk løyve, er foretaka pliktig å stanse denne.

Les meir om forbod mot formidling av betaling.