Nøkkeltal krisepakke 2
Lotteri- og stiftelsestilsynet har no behandla ferdig alle søknadane i krisepakke 2 for frivilligheita. Krisepakken gjaldt arrangement eller annan aktivitet som blei avlyst, utsett eller stengt i perioden 12. mars til og med 31. august 2020.
- Det er betalt ut nær 1,1 milliardar kroner. Den totale løyvinga for dei tre krisepakkane til frivilligheita er på nær 2,5 milliardar kroner.
- Det er betalt ut kompensasjon til 25 615 arrangement og anna aktivitet.
- Det kom inn 6803 søknadar innan søknadsfristen, som var 15. september.
- Det samla søknadsbeløpet var på nær 1,6 milliard kroner, og søkarane kunne få tildelt inntil 70 prosent av søknadsbeløpet.
- 6553 søknadar er godkjende med eit søknadsbeløp på totalt 1 334 millionar kroner.
- 170 søknadar med eit søknadsbeløp på totalt 206 millionar kroner er godkjent, men nedjusterte med totalt 34 millionar kroner.
- 43 søknadar med eit søknadsbeløp på til saman 30 millionar kroner er avslått.
- 37 søknadar med eit søknadsbeløp på til saman 8,6 millionar kroner er trekte.
Vi har hatt puljevise utbetalingar, for at pengane skulle komme ut til frivilligheita så raskt som mogleg. Den første utbetalinga blei gjort 31. juli, og den siste 12. november.
Last ned liste over alle søkarar og utbetalte beløp.
I denne krisepakken kunne det søkast om:
- Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
- Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
- Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
- Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknytning til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet i perioden.
Utvalde nøkkeltal
Beløp under ein million kjem ikkje fram av grafen. Data for alle kategoriar kan du laste ned her.
Svalbard har ein godkjent søknad.