Nøkkeltal krisepakkane til frivilligheita
I 2020 forvalta vi tre krisepakkar til frivillige lag og organisasjonar som er ramma av korona.
Samla er det betalt ut 2 158 804 357 kroner i krisepakke 1, 2 og 3.
Til saman 9 284 lag og organisasjonar har fått støtte. Last ned oversikt over alle søkarar og tildelt beløp.
Under ser du samla nøkkeltal for dei tre krisepakkane.
Utvalde nøkkeltal
Bruk menyknappen oppe til høgre i grafane for fullskjermvisning.
Sjå alle kategoriar inkludert dei som har tildelt beløp under ein million kroner.
Fylkesfordeling mottakarar og tildelt beløp
Antall mottakere | Tildelt beløp | |
---|---|---|
Agder | 540 | 102 309 189 |
Innlandet | 821 | 139 997 908 |
Møre og Romsdal | 682 | 120 406 503 |
Nordland | 634 | 81 842 840 |
Oslo | 690 | 515 614 518 |
Rogaland | 651 | 168 433 909 |
Svalbard | 1 | 609 158 |
Troms og Finnmark | 616 | 84 391 447 |
Trøndelag | 1131 | 212 117 671 |
Vestfold og Telemark | 714 | 132 876 920 |
Vestland | 1228 | 234 993 080 |
Viken | 1576 | 365 211 216 |
Totalt | 9284 | 2 158 804 357 |
Krisepakke 1
I krisepakke 1 fekk 1787 frivillige lag og organisasjonar nær 272 millionar kroner.
Krisepakke 1 gjaldt i perioden 5. mars til og med 30. april 2020.
Frivillige lag og organisasjonar som måtte avlyse, stenge etter utsette arrangementet kunne søke om støtte.
Her kan du finne fleire nøkkeltal for krisepakke 1.
Krisepakke 2
I krisepakke 2 fekk frivilligheita nær 1,1 milliardar kroner. 25 615 arrangement og annan aktivitet fekk støtte.
Krisepakke 2 gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Frivillige lag og organisasjonar kunne søke om tapte inntekter frå arrangement eller annan spesifisert aktivitet, tapte utleigeinntekter og tapte inntekter som følgje av at organisasjonen mista oppdrag knytt til eit arrangement eller annan spesifisert aktivitet.
Her kan du finne fleire nøkkeltal for krisepakke 2.
Krisepakke 3
I krisepakke 3 fekk frivilligheita utbetalt over 832 millionar kroner. 5 840 organisasjonar har fått støtte.
Krisepakke 3 var hovudsakleg ei forlenging av krisepakke 2, og gjaldt for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020.
Her kan du finne meir informasjon og fleire nøkkeltal for krisepakke 3.
Nye tilskotsordningar i 2021
Informasjon om nye tilskotsordningar i 2021 som følge av covid- 19 kan du finne her.