Varsel om vedtak – BML Group må stanse å tilby pengespel i Noreg på spelsider som Betsson og Norgesautomaten
Lotteritilsynet har varsla at vi vil fatte eit vedtak med pålegg om at BML Group Limited må stanse å tilby pengespel til Norge utan norsk løyve.
Selskapet står bak mellom anna Betsson, Betsafe, Nordicbet, Norgesautomaten og CasinoEuro. Det er no sendt ut førehandsvarsel om vedtaket til selskapet.
BML Group Limited har ikkje løyve til å tilby lotteri og pengespel i Noreg. Lotteritilsynet vurderer speltilbodet på desse nettsidene som klart retta mot Noreg, og dei er dermed i strid med lotterilova og pengespellova.
Les varsel om vedtak med pålegg om stans her.
Tidlegare har vi reagert på same måte mot Trannel International Ltd. I 2019 sendte vi vedtak med pålegg om stans til selskapet. Dei står bak kjende nettsider som Unibet og Mariacasino. Les meir her.