To av åtte lotteri godkjende så langt
Tilsynet har godkjent Pantelotteriet som er identisk med lotteriet som i dag blir drive av Røde Kors. UNICEF har fått godkjent eit nytt tal-lotteri.
Tekniske manglar
Seks av søknadene fekk avslag med litt forskjellige grunngjevingar. Fleire av avslaga skuldast at Lotteritilsynet meiner det er tekniske manglar samanlikna med dei krav som vart stilte i utlysinga. Dette er viktig blant anna fordi trekninga i lotteria skal gjennomførast av entreprenøren som driftar lotteriet – ikkje av Lotteritilsynet.
Organisasjonane som har fått avslag kan klage på vedtaket innan 18. januar. Dersom færre enn fem søknader til slutt blir godkjende, blir det ny utlysing av ledige løyve. Her kan søkjarane som har fått avslag i første runde søke på nytt.
Ikkje speleavhengigheit
Dei nye lotteria skal gi inntekter til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar som har ein internasjonal aktivitet som utgjer minst 50 prosent av organisasjonen sitt budsjett. I vilkåra for å søke heiter det mellom anna:
- Minst 50 prosent av netto omsetning i lotteriet skal gå til organisasjonen som fekk løyvet.
- Det kan ikkje vere interaktiv trekning.
- Lotteriet må ikkje føre til speleavhengigheit.