Gebyr og avgift
Stiftelsestilsynet er finansiert av brukarane gjennom ei årleg avgift frå stiftelsane. Det er også gebyr ved nyregistrering, sjå §3 i forskrift til Stiftelseslova.
Alle stiftelsar som er registrert i Stiftelseregisteret 1. januar, og som har eigenkapital på meir enn 100 000 kroner, skal betale avgift for dette året. Tal for eigenkapital blir henta frå siste årsrekneskap som er levert Rekneskapsregisteret, dvs. pr. 31.desember.
Dette gjeld óg stiftelsar der det er fatta vedtak om oppheving, men endå ikkje fatta vedtak om sletting, og stiftelsar der det er fatta vedtak om samanslåing, men endå ikkje registrert vedtak om samanslåing, med melding om sletting av overdragande stiftelse.
Vi sender ut faktura for årleg avgift i starten av januar med betalingsfrist 15.mars.
Klage på vedtak om årleg avgift
Du kan klage på berekningsgrunnlaget for vedtak om årleg avgift, sjå meldingsskjema om klagerett.
Gebyr ved nyregistrering blir fastsett ut frå eigenkapitalen, slik han går fram av opningsbalansen ved registrering. Heimel for årleg avgift finn du i Forskrift til stiftelsesloven §4.
Har du spørsmål? Bruk vårt kontaktskjema.